Den som tener sverdet

Geir Atle Ersland

Torstein Ivarsson vil visa at det som er sagt om sverdkunstene hans, er sant. Han held ære og truskap for dei viktigaste eigenskapane ein mann kan ha, og har tillit til dei Gud har sett over han, anten det er faren eller herren for flokken der han er svein.

Sigrid Bårdsdotter giftar seg med Torstein, og saman blir dei henta til hoffet ved Varberg slott i Halland. Torstein lærer at den som ber på ein løyndom, må omgå sanninga med stor varsemd, og det er vanskelegare enn sverdkunster. Handlinga går føre seg frå hausten 1339 til våren 1340. Mange namn er lånte frå personar som verkeleg har levd, men alt i denne forteljinga er dikting. Geir Atle Ersland (f. 1957) er frå Kvinnherad, og arbeider som historikar ved Universitet i Bergen.


ISBN: 9788252164701

Kategoriar: Geir Atle Ersland

Emneknagg: 2004, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Geir Atle Ersland