Den lange striden

Kolbjørn Brekstad

Dette er ein ungdomsroman frå norsk folkevandringstid - ei viktig bok som gjev ungdom historisk innsikt, samstundes som det er spennande lesnad.

I to harde slag har bøndene i fjorden klart å slå tilbake angrepa frå dei inntrengjarfolka som kjem sjøvegen. Men alt før det andre slaget har det kome bod om at nye inntrengjarar er komne over austfjella og ned til fjordbotnen, der dei har teke to gardar og drepe gardsfolket. I Vik arbeider Rein og huslyden hans hardt for å få garden på fote igjen etter øydelegginga. Solvår frå Eid, som han kjenner seg meir og meir knytt til, er med han. Så dreg han ut i den lange striden, som leiar for hærflokken som skal drive inntrengjarane bort. Dette er Kolbjørn Brekstads tredje roman frå norsk folkevandringstid, med ungguten Rein i Vik som gjennomgangsfigur.


ISBN: 9788252158052

Kategoriar: Kolbjørn Brekstad

Emneknagg: 2001, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Kolbjørn Brekstad