Dei penaste jentene på tv

Finn Øglænd

Den allsidige forfattaren Finn Øglænd har med sine ungdomsromanar dei siste åra vunne eit nytt, ungt og entusiastisk publikum. I år gir han ut ei diktsamling for unge med tittelen "Dei penaste jentene på tv".

Det diktande eg i denne boka er ein ganske ung mann med tankane krinsande omkring lite anna enn det andre kjønn. Den første bolken i boka er fylt av lengslar og draumar om dei uoppnåelege jentene, den andre bolken vitnar om sterke aningar og begynnande erfaring. I den tredje bolken blir erfaringane fleire og djupare, saman med den veksande kjensla av at ting ikkje er så enkle og endefram som ein drøymde om. Dikta er skrivne med varme, innsikt og underfundig humor, og både unge og eldre gutar har mykje å hente. Dessutan bør jentene nytte dette unike høvet til å kikke det andre kjønn i korta!


ISBN: 9788252156164

Kategoriar: Finn Øglænd

Emneknagg: 2000, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Finn Øglænd