Blodlenka

Olav Kristiseter

Olav Kristiseter debuterer med ei historie så full av vondskap og brutalitet at det saknar sidestykke. Magnar er ein ung gut, den siste i arverekkja til garden han bur på.

Han har to brør og ein far som sit lamma i rullestol. Faren - pater familias Manasses - tyranniserer gutane og kontrollerer dei med vald og truslar. Den rivaliserande kampen mellom brørne toppar seg når dei må ut og forsvare garden mot presset frå storbonden oppe i lia. Blodlenka er eit familiedrama og ei forteljing om ein ung guts oppvekst og kamp, og spinn undervegs ut i apokalyptiske dimensjonar.

Frå Bokmeldingar

"Grunnen til at Blodlenka likevel må karakteriseres som en uvanlig vellykket debutbok, er Kristiseters språklige begavelse. Han skriver – ironisk nok, med et sånt etternavn – helvetes bra."
Marius Asp, Spirit.no


ISBN: 9788252169225

Kategoriar: Olav Kristiseter

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Olav Kristiseter