Last ned omslag

Bla-i-boka

Blå fuge for far min

Grete Kleppen

Sanseleg og fargerikt om musikk

I små episodar frå barndomsår i Molde gir Grete Kleppen eit varmt portrett av far sin.

Han var skomakar og ein svært sentral person i musikklivet i småbyen. Faren og musikken pregar barndommen, saman med historier frå tidlegare tider, som når byen blir bomba i april 1940, og faren flyktar med musikkinstrumenta sine, Keisar Wilhelm 2. kjem på sommarbesøk, og kunstnaren Kurt Schwitters kjem til skomakarverkstaden med dei utgåtte skorne sine.

Frå Bokmeldingar

«Velvalde akkordar for musikkelskande far. … Dei mange vakre skildringane gjer boka særprega og fleire stader eventyrleg; eit døme er avsnittet der olde- foreldra hennar, Iver og Malene, ser Keisar Wilhelms skip Hohenhollern gå inn Moldefjorden. For eit fantastisk fortidsglimt! Her gløder sommaren, her er musikk, og eit skip med Europa om bord! Grete Kleppens fine farsportrett er eit godt val no når hauststormane driv oss innandørs og inn i sesongen for dei lune lenestolar.»
Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

«Ein vakker og sanseleg roman … Den store styrken hennar er dei sanselege skildringane av smått (som blir stort) gjennom barneauge. Det er som om barnet i henne er heilt ubesudla og uforstyrra av det faktum at ho i mellomtida har vakse opp.»
Ingvild Bræin, Dag og Tid

«Kleppens språkføring og forteljestil står det respekt av. Nynor- sken er ledig og presis på same tid, ofte med ein lun underliggjande humor og stundom med reine poetiske parti. Sjølv om romanen er proppfull av ulike episodar, er det farsskikkelsen som er det abso- lutt tematiske sentrumet og som knyter saman alle dei fargerike trådane i boka til ein fascinerande heilskap. Bak det heile anar vi at forfattaren vil gjere ære på og vise sin kjærleik til eit men- neske som har forma henne på så mange vis, men utan ein augneblink å bli senti- mental og tårevåt. Og takk for det.»

Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke


ISBN: 9788252177398

Kategoriar: Grete Kleppen

Emneknagg: 2010, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Grete Kleppen