Last ned omslag

Bla-i-boka

Blå flaggermus

Harald Nortun

Bisnissplanar, ketsjupblod og ei jente med blå tusjar

Sommarferien har akkurat starta. Sander og vennen Tomas har bisnissplanar. Men ein spøk med ketsjupblod fører til full utrykking. Ein rik mann kjem stadig oftare på besøk til Sander si mor. Og Sander finn ut ting som han kanskje ikkje ville vite.

Med «Blå flaggermus» skildrar Harald Nortun korleis det kjennest å føle seg utanfor. Men også korleis det kjennest å endeleg bli sett. Blant anna når Sander møter Line, som teiknar med blå tusjar på kroppen hans.



Meir frå Harald Nortun