Barns utvikling, leik og læring

Dag Skram

Denne boka presenterer nyare syn på leik, læring, lærarrolla og undervisning. Forfattaren tek opp teoriar om leik og læring, og viser korleis ulike syn på barn, barndom og oppdraging har innverknad på læring i skulen. Det blir i denne samanhengen lagt særleg vekt på forholdet mellom leik, undervisning og læring.

Ei viktig målsetjing i boka er å løfte fram hovudmoment i barnehagepedagogikken i overgangen mellom barnehage og skule. Boka tek elles opp entreprenørskap på barnesteget og drøftar omgrepa yrkesrolle og profesjonskunnskap knytt til lærar- og elevrolla.

Boka er ein ny og omarbeidd versjon av Leik og læring i samspel (2007), tilpassa innhaldet i den nye barnehagelærarutdanninga og kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring.

Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanning ved dei pedagogiske høgskulane og etter- og vidareutdanning innan GLSM, grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring.


ISBN: 9788252190472

Kategoriar: Årets bøker, Dag Skram, Høgskule og universitet

Emneknagg: 2016, Hefta,

Sjanger: Pedagogikk og lærarutdanning



Meir frå Dag Skram