Last ned omslag

Bla-i-boka

Av meg er det mange

Veronika Erstad

Ein organist flyttar til ein ny stad og får eit lite husvære bak kyrkjegarden. Der møter ho ein mann som speler trombone ved ei grav. Dei innleier eit forhold, men etter kvart må mannen reise. Det blir lettare for henne å forstå relasjonen etter at han har reist.

I tekstane til Erstad er hendingar frå både barndom og draum likestilte med det som skjer no. Av meg er det mange er ein poetisk prosa, der minna er ein sentral del av kvardagen, og der einsemda alltid er ein del av fellesskapen. Det handlar om å møte, miste, lengte og drøyme.


ISBN: 9788252190564

Kategoriar: Alle bøker, Lesetips, Romanar og noveller, Skjønnlitteratur, Veronika Erstad

Emneknagg: 2018, Nyheit,

Sjanger: Romanar og noveller


Meir frå Veronika Erstad