Austerrike

Nils Henrik Smith

Austerrike er ein krim utan offer, utan etterforskar, utan dommar.

Ein mann sit i avhøyr. Han er i byrjinga av trettiåra, utdanna jurist, og arbeider for eit fleirnasjonalt industriselskap. Motvillig fortel han om mystiske og urovekkjande hendingar.

Kvifor svima han av? Kven var det som skamferte naboens hund med kniv? Og kva er det eigentleg han er tiltalt for?

Nils Henrik Smith følgjer opp den prislønte og kritikarroste debutromanen Manhattan skyline (2007) med ei spennande og sterk forteljing om makt og avmakt.

Frå Bokmeldingar

"Det interessante og spesielle med Smiths bok er at den er i stadig rastløs bevegelse, og dermed fremstår den som en uforutsigbar tekst som ikke går opp. […] Slik ser jeg Austerrike som en bevisst og svært tiltrekkende utgivelse."
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

"...bærer bud om en forfatter som vet hva han vil, og som styrer talentet sitt med sikker hånd."
Pål Gerhard Olsen, Bergens Tidende

"Han skriver stadig både stilsikkert og med intensitet."
Kåre Bulie, Dagbladet

"Nils Henrik Smith har skrive ein viktig politisk roman. Austerrike er eit prov på at det faktisk går an å bruke dei litterære verkemidla frå krimromanen utan at det blir platt og keisamt. Det går også an å bruke slike middel til å skrive ein god, skakk og viktig politisk roman."
Ole Karlsen, Dag og Tid

"Framfor alt er dette ein roman der forfattaren på suverent vis turnerer språk og forteljarposisjonar, han tøylar romanprosjektet så elegant og overbevisande at berre det gjer boka til givande lesnad."
Audun Skryten, Jærbladet

"Smith skriver effektivt fram en ubehagelig og upålitelig hovedperson. Med «Austerrike» har Nils Henrik Smith laget en kompakt og smart liten bok."
Eirik Vassenden, Klassekampen

"...en bok det er morsomt å lese – og å tenke på etterpå."
Mie Hidle, NRK

"Briljant oppvisning ... ein storarta roman i det stramme format."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad

"...nesten Murakami-aktige refleksjoner over det bemerkelsesverdige i det tilsynelatende alminnelige..."
Thomas Cook, Studvest


ISBN: 9788252174199

Kategoriar: Nils Henrik Smith, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Nils Henrik Smith