Anders Hovden

Jens Kåre Engeset

Den fargerike og livsglade diktarpresten Anders Hovden (1860-1943) var nest yngst av ein søskenflokk på ni. Far hans var besteven med Ivar Aasen, og under studietida i Christiania hadde Anders Hovden mykje kontakt med sin geniale sambygding. Hovden skreiv fleire romanar og barnebøker, men det var som lyrikar og salmediktar han nådde lengst.

Han gav ut tre salmesamlingar og preikesamlingar, og saman med Støylen og Hognestad stod han bak Nynorsk salmebok (1928). Ho hadde 128 salmar av Hovden og 81 som han hadde gjendikta, og heile 34 vart med i Landstads reviderte. Både i målsak og i teologiske spørsmål var han så markant at det stundom kom protestar når han søkte nye kall. Men når han først var tilsett, vart han ein overmålte avhalden prest, anten det var i Vanse på Lista, i Krådsherad, i Melhus, eller på østre Toten. Hovden var heile livet sterkt engasjert i det frilyndte ungdomsarbeidet, skreiv talrike artiklar i blad og var ein populær talar i store og små forsamlingar. Hovden fekk diktarlån i 1931.

Jens Kåre Engeset (f. 1930), har budd det meste av livet i heimbygda til Anders Hovden og skrive artiklar om lokalhistoriske emne frå Volda/Ørsta. I biografien om Hovden Engeset aust or mange nye kjelder og laga ei levande forteljing om den songglade og markante diktarpresten. Og sjølv om den populære Hovden hadde sine røter på Sunnmøre, er det talrike vitnemål om at han var kjend, omstridd og kjær over heile landet.

Mange av fotografia i boka har ikkje tidlegare vore publiserte.

ISBN: 9788252158809

Kategoriar: Jens Kåre Engeset

Emneknagg: 2002, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Jens Kåre Engeset