Last ned omslag

Bla-i-boka

Alt skal ut

Jon Hjørnevik

Av og til er nok nok

Det er fullt

Det er fullt i huset. Det er fullt i hovudet

Det har samla seg opp og det renn over

 

Det må ryddast ut

Alle sjølvopptekne kjensler må vekk.

Barndomsminna må forlatast.

Far og mor ryk på dør

Døra til slekt og familie må slamrast att

 

Nebbete damer og austlendingar må

skjellast ut. Naboen. Bestefar. Sjefen.

Bestemor

 

No vil du bli ferdig med fortid og

framtid

Du lar det gå utover Hells Angels og den

sjarmerande tanta di

Til og med godsofaen og buttpluggen din

må ut

Det er deg mot resten av verda

Jon Hjørnevik og Det Norske Samlaget har bestemt seg. Heile skiten skal buntast i hop og sendast på dør. Alt skal ut. Denne boka er ei komplett samling av Jon Hjørneviks seks bestseljande diktsamlingar.


ISBN: 9788252188844

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Jon Hjørnevik

Emneknagg: 2015, Innbunden,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Jon Hjørnevik