Alt kan reparerast

Eivor Vindenes | Jens K. Styve

Ei slags julehistorie

Fabelaktig høgtlesingsbok for mellomtrinnet.

Av og til blir ikkje dagane heilt som ein har tenkt seg. Slik er det i alle fall for vaktmeister Børre Rydding, vesle Anton, Fyrstinna, gamlefrøknene Pomp og Prakt, for ikkje å snakke om Knut Rask. Dei trur vel alle, bortsett frå Knut, at desse siste dagane før jul skal tusle skeivt bortetter som dei plar gjere. Men det gjer dei altså ikkje.

Eivor Vindenes debuterer med ei humoristisk og herleg forteljing for mellomtrinnet. Alt kan reparerast – ei slags julehistorie handlar om nokre usedvanlege, fargerike personar som etter beste evne prøver å leve ved sida av kvarandre i bygarden der dei bur. Dette er ei bok som treffer både barn og vaksne i humor og innhald.

For Alt kan reparerast – ei slags julehistorie blei Vindenes tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris for 2010.

Frå Bokmeldingar

"Omtrent som om Stoltenbergs beboere i Tertitten borettslag skulle feiret jul med Pompel og Pilt."
Mette Moe, barnebokkritikk.no

"[...] en finurlig liten skatt [...] Språket er lunt, lekent og med masse humor"
Synnøve Vindheim Svardal, Barn i byen

"Eivor Vindenes skriv lett og ledig, med leikande språk og humor. Dei fengjande, ordtakliknande overskriftene over kvart kapittel er eit kapittel for seg."
Anne Liv Haukanes, Os og Fusaposten


ISBN: 9788252174816

Kategoriar: Eivor Vindenes

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Eivor Vindenes