Alle mine kjære

Alice Sebold | Anne Karin Torheim

Det verste som kan skje, er utgangspunktet for denne thrilleren av ein roman om ei jente som blir bortført og myrda.

Namnet mitt var Salmon, som fisken. Fornamn: Susie. Eg var fjorten då eg blei myrda den 6. desember 1973. Mordaren var ein mann frå nabolaget.

Susie Salmon er ei vanleg tenåringsjente i ein vanleg forstad i 70-åras USA - til ho ein dag går snarvegen heim over maisåkeren og ein nabo overtaler ho til å bli med og sjå på ei hole han har laga. Frå himmelen fortel ho historia si mens ho observerer familien og livet på jorda. Ho følgjer med mordaren og politijakta på han, og ho ser ned på familien som prøver å forstå tragedien.

Alle mine kjære er ein spennande og rørande roman om ei ufatteleg ugjerning, om kjærleik til søsken og foreldre og ikkje minst om sorga det er å miste nokon, og det å leve vidare på jorda.

Boka er omsett til meir enn 30 språk. Anne Karin Torheim står for den norske omsettinga.

Peter Jacksons film basert på boka hadde premiere i Noreg i mars 2010.

 

Frå Bokmeldingar

"Hjerteskjærende mesterverk."
Brita Møystad Engseth, Dagsavisen


ISBN: 9788252175776

Kategoriar: Alice Sebold, Pocket, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2010, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Alice Sebold