Aldri redd for mørkets makt

Jørgen Norheim

Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet

Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og fi nne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvinn han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måtar ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: Han blir militærnektar, student og politisk aktivist – og etablerer seg som teknisk sjef i øvre Valdres. Men ideen om å finne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av reisene i det tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv. 

Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen og om tankegodset som nådde heilt inn i norske studenthyblar på syttitalet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?

Frå Bokmeldingar

Terning 6"Både i innhald, sjølve historia, og konstruksjonsmessig, ned til verbale detaljar, er Jørgen Norheim på litterær linje og lag med Kjartan Fløgstad. Og dermed nesten fullrost. (...) Innhaldsrikare og formsikrare norsk roman er ikkje lett å finna."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

”Sprekt, sint og ganske så sant fra Jørgen Norheim, om hvorfor venstresidens nordmenn ble som de ble."
Ola Hegdal, NRK

”Et imponerende og viktig stykke litteratur."
Turid Larsen, Dagsavisen

”... en god bok om hvor lettantennelig vårt totalitære arvemateriale er.”
Vårt Land


ISBN: 9788252187267

Kategoriar: Jørgen Norheim, Pocket, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2016, 2017, Innbunden, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Jørgen Norheim