Last ned omslag

Bla-i-boka

Åkeren på Manhattan

Åsmund Bjørnstad

Agnes Denes (f. 1931) er ein amerikansk konseptkunstnar og pioner innan økologisk land art. Våren 1982 sådde ho installasjonen Wheatfield – ein konfrontasjon – ein åker med åtte mål kveite på ein fyllplass rett ved World Trade Center på Manhattan.

Å så og hauste ein kveiteåker på eit jordstykke verdsett til 4.5 milliardar dollar skapte eit kraftfullt paradoks. Hendingane den 11. september 2001 gav installasjonen ein ny og tydelegare relevans. I 2018 diktar Åsmund Bjørnstad om denne berømte installasjonen og skriv odar til mellom anna DNA-molekylet, til havren, til steinkolet og til kvaloljen, dikt som omfattar natur, teknologi og menneske.




Meir frå Åsmund Bjørnstad