Å gi seg bort

Pia Tafdrup | Stein Versto

Pia Tafdrup er godt kjent for norske lesarar. Ho debuterte i 1981 og har gitt ut i alt 11 diktsamlingar. I 1999 fekk ho Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Dronningporten. Å gi seg bort er hennar første roman.

"Eg klatrar, eg har rulla skjørtet opp og teke av skorne. Eg tek tak med tær og fingrar som ein ape. Føtene mine leitar som i draume. Det er vanskelegare enn eg hadde tenkt meg, men eg gjer det. Få, omveltande sekund vil det ta å passere frå den eine sida av gjerdet til den andre.

Salt for auga. Som barn stansa eg framfor plankeverket utan å ha mot til å klatre over det. Eg veit ikkej kvifor eg vil inn til det framande huset eller kvifor eg ikkje heller tek stien ute frå vegen."


ISBN: 9788252164749

Kategoriar: Pia Tafdrup, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2005, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Pia Tafdrup