{"product_id":"31-dagar-i-oktober-2","title":"31 dagar i oktober","description":"Det nærmar seg halloween, men Odin gler seg ikkje. Han har motvillig takka ja til å spele solo på korpskonserten, og på skulen skal dei ha gruppearbeid, noko han hatar. For kven vil vere på gruppe med tause, rare han?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI tillegg skjer det mystiske ting i bygda, ein kappekledd person går rundt og lokkar barn til seg. Kan det ha samanheng med den gamle segna, den om heksa i Skoglia, ho som bortførte og åt barn? Saman med Sigrid og Julie, som han er på gruppe med, begynner Odin å undersøkje historia. Men kven er det som følgjer med på alt dei gjer, og som har skumle planar for halloween?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003e31 dagar i oktober \u003c\/em\u003eer ei grøsseleg spennande nedteljingsbok for alle barn som gler seg til halloween.\u003cbr\u003eBoka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.\u003cbr\u003e","brand":"Guro S. Auganes","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":48401243209949,"sku":"9788234015267","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_b90617d6-6dbd-48e9-b104-47658ac2efa8.jpg?v=1787252675","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/31-dagar-i-oktober-2","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}