Det Norske Samlaget vart skipa i 1868 og er eit av Noregs eldste forlag. Samlaget er ei sjølveigande stifting oppretta av medlemmene i Litteraturselskapet. Årsmøtet i medlemslaget er høgaste organet i Samlaget. Alt overskot frå drifta blir igjen i verksemda og blir investert i meir litteratur, forfattarutvikling og styrking av verksemda. Samlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år, og betalar årleg ut royalty til over 1600 forfattarar. Per juni 2022 er me 31 tilsette og hadde i 2021 driftsinntekter på 66 millionar kroner og solid økonomi. Samlaget gir ut bøker på nynorsk innanfor skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og høgare utdanning.

Samlaget arbeider for større mangfald og oppmodar særleg kandidatar med minoritetserfaring til å søkje.

Marknadskoordinator hos Samlaget – 100 % vikariat i eitt år frå 2. januar 2023

Har du teft for marknadsføring og sal, er strukturert og likar å yte god kundeservice? Vi søkjer ein vikar til stillinga som marknadskoordinator.

Du blir ein del av ein engasjert, kompetent, ambisiøs og ikkje minst veldig hyggeleg gjeng. Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk, men ikkje la det stoppe deg frå å søkje. Stillinga har fleire ulike arbeidsoppgåver og grundig opplæring vil bli gitt i desember 2022.

 

Vi ser etter deg som:

  • er strukturert og har kapasitet til å sjonglere fleire ulike arbeidsoppgåver på same tid
  • har god systemforståing og gjerne erfaring med nettbutikk (vi nyttar Shopify) og nyheitsbrev (Mailchimp)
  • har estetisk sans og gjerne erfaring med Photoshop og InDesign
  • gjerne har kjennskap til annonsering og Facebook Business manager/Ads manager

Stillinga inneber:

  • oppdatering av databasar med informasjon om nye bøker, prisar og forfattarar
  • å ta imot bestillingar og svare på spørsmål knytt til desse
  • utsending av bøker til presse
  • annonseplanlegging, produksjon og booking av annonsering i digitale og trykte medium
  • produksjon og utsending av nyheitsbrev
  • koordinering og produksjon av haust- og vårkatalog
  • å vere ansvarleg for nettbutikken til forlaget. Utvikling/feilsøking (i samråd med utviklar), innhald og kampanjar
  • å bidra med idéarbeid og innhald til SoMe

Vi tilbyr:

  • moglegheit for personleg utvikling i eit stimulerande og kreativt forlagsmiljø. Vi er alltid opne for nye idear og jobbar godt på tvers av marknadsavdeling og redaksjon.
  • å jobbe med fleire av Noregs fremste forfattarar og kvalitetsbøker i ulike sjangrar
  • kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • moglegheit for fleksibel arbeidstid og stad
  • konkurransedyktig lønn
  • tilgang til Samlagets leilegheit i Roma
  • 5 ferieveker + 5 ekstra feriedagar

 

CV og søknad sendast til marknadskoordinator Sara Sanderud på s.sanderud [at] samlaget.no