Det Norske Samlaget (Samlaget) er ei stifting oppretta i 1868. Føremålet til Samlaget er å fremje nynorsk litteratur gjennom å gi ut bøker. Forlaget har redaksjonar for skjønnlitteratur, barn og unge, sakprosa,  pensumlitteratur og ordbøker. Samlaget har kontor i Mariboes gate 13 i Oslo. Forlaget hadde ei omsetning på kr 61 mill. i 2020, og har 27 tilsette.

Vår administrasjonsleiar går over i ny stilling, vi søkjer derfor deg som har lyst å ta over.

Administrasjonsleiar

Vi ser etter deg som er glad i varierte administrasjonsoppgåver, og som har erfaring frå arbeid med rekneskap og personal. Du er den som held hjula i gang på kontoret og trivst med både høgt og lågt.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg oppfølgjing av rekneskap og bilagsgodkjenning, lønn
  • Hovudkontakten mot rekneskapspartnaren vår
  • Personalfagleg ansvar, personaladministrasjon
  • Overordna ansvar for rettar, kontraktar og royalty
  • Vidareutvikle og effektivisere administrative rutinar og system
  • Kontorstøtte

Kvalifikasjonar:

  • Rekneskaps- og økonomierfaring
  • God forståing for/eller erfaring frå det personalfaglege feltet
  • Økonomisk eller administrativ utdanning

Stillinga rapporterer til forlagsdirektøren. Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk. Spørsmål om stillinga kan rettast til forlagsdirektør Edmund Austigard tlf. 48 20 13 20.

Søknadsfrist: 17. september.

Send søknad til soknad@samlaget.no