Det Norske Samlaget vart skipa i 1868 og er eit av Noregs eldste forlag. Samlaget er ei sjølveigande stifting oppretta av medlemmene i Litteraturselskapet. Årsmøtet i medlemslaget er høgaste organet i Samlaget. Alt overskot frå drifta blir igjen i verksemda og blir investert i meir litteratur, forfattarutvikling og styrking av verksemda. Samlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år, og betalar årleg ut royalty til over 1600 forfattarar. Per juni 2022 er me 31 tilsette og hadde i 2021 driftsinntekter på 66 millionar kroner og solid økonomi. Samlaget gir ut bøker på nynorsk innanfor skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og høgare utdanning.

Samlaget arbeider for større mangfald og oppmodar særleg kandidatar med minoritetserfaring til å søkje.

Samlaget søkjer ein strukturert administrasjonsmedarbeidar i 100 %-stilling

Royaltyansvarleg i administrasjonen til Samlaget – 100 % engasjement i eitt år med moglegheit for fast stilling etter dette (01.08.2022–30.07.2023)

 

Har du kjennskap til eller interesse for forlagsdrift, eller kanskje erfaring frå administrasjonsarbeid? Samlaget søkjer ein ryddig og strukturert person med gode samarbeidsevner, som skal vere ansvarleg for royalty på huset.

 

Du får royalty som ansvarsområde og blir ei sentral brikke i administrasjonen og i forlaget. Du må vere ein person som set høge krav til presisjon i arbeidet, og du må like å vere i kontakt med forfattarane. Stillinga er nyoppretta, og dermed er det rom for å vere med på å utforme stillinga.

 

Du blir ein del av ein engasjert, kompetent og ambisiøs gjeng. Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk, men ikkje la det stoppe deg frå å søkje.

 

Me ser etter deg som

·      er strukturert, detaljorientert og likar orden

·      er glad i å jobbe med tal og/eller økonomi, administrasjon eller liknande

·      gjerne har kjennskap til forlagsbransjen

 

Oppgåver

Som ein del av administrasjonen vil denne stillinga innebere faste administrative oppgåver, inkludert jamleg oppdatering av Samlagets royaltysystem med informasjon om nye bøker, forfattarar og salstal, svare på royaltyspørsmål frå forfattarar både på e-post og telefon, vidarefordeling av royalty frå utanlandske forlag til forfattarar og andre administrative oppgåver. Arbeidsverktøyet er Schilling.

 

Vi tilbyr:

-       kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø

-       kontorlokale sentralt i Oslo

-       fleksibilitet m.o.t. arbeidsstad og -tid (kjernetid 9–15)

-       sommartid i sommarmånadane

-       moglegheit for fleksitid og avspasering

-       diverse sosiale arrangement

-       konkurransedyktig lønn

-       gode forsikrings- og pensjonsvilkår

-       delvis dekt telefon og internett heime

-       tilgang til Samlagets leilegheit i Roma

-       rabatt på alle bøker og eitt gratiseksemplar av alle samlagsbøker

-       5 ferieveker + 5 ekstra feriedagar

 

CV og søknad skal sendast til administrasjonsleiar Julie Storesund: j.storesund [at] samlaget.no