Turid Hea Svebakken (f. 1944) har vore oppteken av form og farge så lenge ho kan hugse. På midten av 70-talet sparte ho sin første berepose, og dette blei byrjinga på ein lidenskapeleg hobby. Som lærar i estetiske fag brukar ho ofte bereposten i undervisningssamanheng, anten det dreier seg om form, farge, skrift eller bodskap.