(f. 1954) er frå Sande i Sunnfjord. Ho er gjendiktar og omsetjar, og har fått fleire prisar for arbeida sine. Bakke er utdanna cand. mag. i fransk, spansk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho har gitt norsk språkdrakt til lyrikarar frå Latin-Amerika (Cuba, Argentina, Chile), Canada, Spania, Portugal og Frankrike. Av skjønnlitterær prosa har ho omsett for ulike forfattarar som Astrid Lindgren, Anna Gavalda, Laurent Gaudé, Daniel Pennac og Ian Sansom. Ho har òg omsett ei lang rekkje teaterstykke for ulike scener, m.a. av Albert Camus, Sergi Belbel og Federico García Lorca. Bakke blei tildelt Bastianprisen 2003 for si omsetjing av Daniel Pennacs roman Hund! Hund!. I 2008 fekk ho Samlagsprisen for gjendiktinga av den chilenske nobelprisvinnaren Gabriel Mistrals dikt (Alle skulle bli dronning, 2007) og for «heile sitt omfattande virke for å spreie verdslitteratur til norske lesarar». I 2009 blei Tove Bakke den første omsetjaren til å vere festspeldiktar ved Dei nynorske festspela. Bakke har arbeidd som saksbehandlar i Norsk kulturråd og er medlem i NO, NFF, Norsk Kritikerlag og Norsk Forfattersentrum. Ho er busett i Oslo.