Stian Sjursen Takle (f.1974) kjem frå Lavikdalen i Ytre Sogn. Han er for tida journalist i NRK Sogn og Fjordane, der du høyrer han mest som programleiar for morgonsendingane. Den journalistiske karieren starta han i lokalradioane i Sogndal og Høyanger. Deretter var han innom avisa Sogn Dablad i Høyanger, før han no har lagt bak seg over elleve år som radio-, og tvjournalist i NRK. I 2007 jobba Stian i Firda media, der han starta opp nettradioen Radio Vest. Stian, som er busett i Førde, er ein engasjert mann. Mellom anna har han vore fagforeiningsleiar for journalistane i Sogn og Fjordane. Han er glad i å arrangere ting, har vore DJ i mange år, er aktiv i skibakken og glad i båtlivet.