(f. 1958) er fødd i Leicester. Han studerte nordisk med tysk bifag ved University College London, og tok doktorgraden på Ivar Aasen og nasjonalromantikken ved University of Cambridge i 1986. Walton var tilsett som universitetslektor, seinare dosent, seinare professor i norsk ved University College London, i tida 1983-2003. Sidan 1984 har han kvart år undervist ved Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Walton har også undervist i norsk ved Polytechnic of Central London og University of Surrey. I slutten av åttiåra arbeidde han halvtanna år ved Agder distriktshøgskole som førsteamanuensis i fagoversetting. I 1997 vart han tilsett som professor II i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, og tre år seinare flytte han til Volda som Noregs første professor i nynorsk skriftkultur, og leiar for Ivar Aasen-instituttet. Frå hausten 2007 er han i tillegg professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger i 20%-stilling. Walton var leiar for prosjektet «Det opne språket» finansiert av Noregs forskingsråd i tida 2003-2006. Han har også vore leiar for to Nordplus-nettverk. Han skriv nokså jamt i Dag og Tid, og andre stader i den grad han finn det nødvendig. Walton gjer alt han kan for å unngå å få verv, og set seg hardnakka imot alle forsøk på å byråkratisere arbeidslivet og særleg fritida.