Steinar I. Bergo er cand.philol med tysk, norsk og engelsk i fagkrinsen. Han har arbeidd i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Bergo har skrive undervisningsheftet Olav H. Hauge: Mannen og bygda (1998), laga ein CD-presentasjon av Hauge sitt liv og dikting og er med i filmen Eit liv i dagbøker og dikt laga av Hero media i 2004. Han har òg skrive to samlingar med forteljingar frå 1950-åra: Minekrut og frittgåande høner – Oppvekst i 1950-åra (2004) og Om hanar i tun og tårn – Tvangsgifte og ekstremsport i 1950-åra (2005). Vidare har Bergo omsett Ludwig Wittgensteins Zettel og Über Gewissheit frå originalmanus. Steinar I. Bergo har òg skrive ei mengd kronikkar og andre tekstar i VG, Bergens Tidende, Nationen og Hordaland, m.a. om pedagogiske emne.