(f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, ei bok ho fekk Blixprisen for. Etter å ha gitt ut Ingen heime i 2009, fekk ho Sigmund Skard-stipendet for «starten på ein original, solid og spennande forfattarskap». Novellesamlinga Sprang (2007) imponerte med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Det er varierte noveller, lagde til ulike miljø, og vi følgjer kvinner og menn, barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Kritikarane var alle einige om at debutboka var stilsikker, solid og velskriven. Med Ingen heime (2009) etablerte Sigrid Merethe Hanssen seg som ein ny, spennande novelleforfattar, da ho med stø hand og stor innleving skreiv om menneske som ikkje kjenner seg heime i sine eigne liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene – med dei konsekvensane dette får. I 2011 debuterte Hanssen som barnebokforfattar med historia om Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes.