Ruth-Hege Holst (fødd 1964) er faglært kokk med særdeles allsidig erfaring frå inn- og utland. Etter eksamen i kokkelære ved Hotell Neptun i Bergen har Holst reist verda rundt med kokketøy og skarpe knivar i ryggsekken. Ho har arbeidd mellom anna i Singapore, Bangkok, Hong Kong og ved den franske rivieraen. Holst har vore tilknytta Gastronomisk Institutt sidan oppstarten i 1990 og fram til 1998, og var i ein periode også dagleg leiar for instituttet. Ho arbeider i dag som lektor ved Høgskolen i Stavanger, Avdeling Norsk Hotellhøgskole.