(f. 1982) er frå Heimdal utanfor Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og gav året etter ut novellesamlinga Indianarar. Debutboka fekk gode meldingar, og oppfølgjaren Indianarar, som kom i 2009, blei kåra til ei av årets beste bøker av Klassekampen og hamna som nr. 4 på Adresseavisens liste over beste skjønnlitterære bøker i 2009. Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Han har sidan 2001 delteke i fleire antologiar, og skriv jamleg for ulike tidsskrift, aviser og bloggar. Hjemås bur i Oslo.