Roy Raasholm Fauske (f. 1969) kjem frå Lavik i Sogn. Bur no i Førde, der han jobbar som informasjonsrådgjevar i Helse Førde. Kjenner Sogn og Fjordane svært godt etter 16 år som journalist i ulike redaksjonar i fylket. Etter nokre år som bankfunksjonær i heimbygda starta han den journalistiske karrieren i Sogn Dagblad i Høyanger. Seinare flytte han seg til Firda og Førde, før han etter åtte år som journalist og vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane valde å skifte beite. - Eg er glad i Sogn og Fjordane, og boka er min måte å syne kjærleiken til heimfylket på. Ingenting er betre enn om vi med denne boka gje lesarane meir kunnskap om dette fantastiske fylket, seier Raasholm Fauske. Han kjenner Sogn og Fjordane også godt frå lufta ettersom han innimellom koplar av som småflypilot i lag med fuglane, høgt over fjella og fjordane.