(f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010. Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.