(f. 1940) har sidan debuten i 1968 gitt ut eit titals romanar, dikt, noveller og barnebøker. Best kjende er romanen Mørkets gjerninger frå 1976 og den sterkt kritikarroste Lyden av vatn frå 1990. Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp i Sykkylven. Han er utdanna psykolog og fekk Tarjei Vesaas debutantpris da han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968. Sagen markerte seg som ein sentral norsk forfattar på i 1970-åra, og var tidleg ute med å eksperimentere med dokumentarstoff, t.d. i collagen Kvengedal frå 1970. Romanen Mørkets gjerninger, som fekk Kritikarprisen i 1976, blei eit gjennombrot for Sagen. I tillegg til å skaffe han fleire lesarar blei det laga fjernsynsfilm på grunnlag av romanen. I 1986 kom den elleville Springfart ved fjorden, mens dokumentarromanen Mercedesryttaren frå 1988 byggjer på Sagens eigne opplevingar som deltakande observatør til politivaldsaka i Bergen. Lyden av vatn, som er tydelig inspirert av Kafka og Beckett, kom i 1990, og blir av mange rekna som Sagens beste bok. Handlinga går føre seg i eit draumelandskap og fortel korleis ein personlegdom i vår tid kjempar for å finne seg sjølv. Ein kan sjå tematiske likskapar til Lyden av vatn i fleire av Sagens seinare utgivingar, som i novellesamlingane Blendverk (1998), Reisa til D. (2002) og romanen Skog (2004). Her skapar Sagen igjen eit gåtefullt og draumeaktig univers, der tid, identitet og framandkjensle er viktige stikkord. I romanen Kraftverk (2007) tek Sagen utgangspunkt i sine eigne gamle dagbøker, mens Lommehunden frå Ribo (2008) er ein etterlengta oppfølgjar til kultromanen Springfart ved fjorden (1986). Rolf Sagen grunnla Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og verka som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for. Sagen har òg vore aktivt medlem i Den norske Forfatterforening, og mottok i 2003 Samlagsprisen for sin forfattarskap.