(f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar. Hovland debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar og blei raskt ein sentral forfattar utover i 1980-åra. I suveren, slentrande stil skreiv han befriande humoristisk om livet på ville vestlandsvegar, med hyppige og burleske referansar til popmusikk og film. Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, og fleire yngre forfattarar er i dag tydeleg inspirerte av hans måte å bruke humor, ironi og intertekstualitet på. I Hovlands kanskje mest kjende roman, Sveve over vatna (1982), er handlinga lagd til Bergen og universitetet. Her dukkar Dr. Munk for første gong opp i forfattarskapen, og sidan har denne anarkistiske sauebonden, fylliken og rytmegitaristen ridd forfattaren som ei mare. Dr. Munk er ein typisk representant for dei styrlause vestlendingane som har det med å dukke opp når ein minst ventar det i Hovland sine bøker. Blant Hovlands mange populære bøker er det verdt å trekkje fram Sjølvmord i Skilpaddekafeen (1989), som han fikk Melsomprisen for, Ein motorsykkel i natta (1992), som vant Brageprisen, Ei vinterreise (2001), som blei tildelt både Kritikarprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris, og Fredlaus (2006), som fekk Norsk litteraturkritikerlags barnepris og Kritikarprisen. Det er dessutan vanskeleg å komme utanom jubileumsboka Åleine i alpane (1999), der Hovland markerte sitt eige 20-årsjubileum som forfattar med å gi ut heile 20 bøker i eitt band. Hovland har, ved sida av sin eigen originalproduksjon, gjort ein stor innsats som omsetjar og gjendiktar. For nyomsetjinga av Roal Dahls Georgs magiske medisin fekk han Bastianprisen i 2008. Hovland har òg ei lang karriere som musikar bak seg, m.a. som keyboardist og vokalist i bandet Dei nye kapellanane. Han var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 1997 og under De litterære festspillene i Bergen i 2008. Hovland er fødd i Bergen, og voks opp fleire stader på Vestlandet. Han er utdanna cand.philol. med fransk hovudfag frå Universitetet i Bergen, og bur no i Oslo.