I over 2000 år har romaren Quintus Horatius Flaccus (61-8 f.Kr) vore ein populær og mønsterdannande diktar. Både i versemål og tema tok Horats imot impulsar frå greske skaldar frå 600-talet f.Kr, og mest kjend er han for sine odar og brevet om diktekunsten.