Orten har skrive fleire diktsamlingar. For kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004) blei han bl.a. kalla ein «ordkunstnar av klasse». Dei tre romanane Livingstones retrett (2003), Vegen til Neverland (2005) og Rabarbrakrigen (2007) utgjer ein slags trilogi om kjærleik, svik og skuld, men også om identitet, håp og gleda ved å høyre til. I 2009 ga Orten ut dokumentarboka Himmelen over Shetland – ei spennande bok med historier om motstand og eksil i Noreg under den andre verdskrigen. I 2011 kom novellesamlinga Sjabervik. Orten er utdanna lektor og har hovudfag i historie. Når han ikkje skriv bøker, underviser han i norsk, historie og religion på Ulstein vidaregåande skule.