(f. 1953) har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999, hovudredaktør for nettleksikonet Allkunne frå 2007, kulturkommentator i Dagens Næringsliv frå 2008 og styreleiar i Språkrådet frå 2010. Grepstad var redaktør i Syn og Segn 1984–1988 og forlagsredaktør, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef i Det Norske Samlaget 1980–1994. Han har skrive eller redigert meir enn tjue bøker. Grepstad har lenge vore ein av landets mest markante nynorskbrukarar. Han vart tildelt Norsk språkpris 1999 for boka Det litterære skattkammer.