Blodlenka (2006) er eit brutalt familiedrama, ei forteljing om ein ung guts oppvekst og kamp mot ein tyranniserande far og rivaliserande brør. I 2008 følgde Kristiseter opp med Måsane – ein roman som m.a. blei omtala som «en storartet og rystende opplevelse» av Bergens Tidende. Glør i sommarnatta (2009) er ei samling forteljingar frå ei vestlandsbygd, inspirert av og tett knytt til Shakespeare. Kristiseter har i tillegg til dette publisert essay og kronikkar om litteratur og musikk i dei fleste større avisene, samt i nokre tidsskrift. Frå 2010 held han òg skrivekurs. Som aktiv musikar og låtskrivar har han gitt ut plater med fleire band, også internasjonalt. Kristiseter er busett i Bergen.