(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen ein trilogi som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene blei samla i eitt band under tittelen Utmarktrilogien (2007) og representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet. Alle tre bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da. For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no ved Krøderen i Buskerud.