Marie Desplechin er fødd i 1959 i Roubaix og bur i Paris. Etter å har arbeidd nokre år som journalist og som informasjonsmedarbeidar i næringslivet, gav ho ut den første boka si, Le sac à dos d‘ Alphonse, i 1993. Etter dette har ho gitt ut over tretti bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho har også skrive filmmanus og eit teaterstykke. Ho fekk eit gjennombrot med romanen Verte i 1996. Marie Desplechin har mottatt fleire store prisar og bøkene hennar er omsette til fleire språk. Ho er ein politisk engasjert forfattar og særleg engasjert i fredsarbeid. Ho skriv også jamnleg artiklar i magasinet L‘ Express.