Redaksjonen: Ragnfrid Trohaug (f. 1975) kjem frå Bodø. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø, og har skrive fleire bøker for ungdom. Ho arbeider med barne- og ungdomsbøker på Samlaget. Øystein Vidnes (f. 1976) kjem frå Fiskå i Vanylven. Han har skrive to bøker, han har også gjendikta Fernando Pessoa og omsett Cory Doctorow. Vidnes arbeider også som designar, mellom anna for tidsskriftet Vagant. Han arbeider med barne-, ungdoms- og vaksenbøker på Samlaget. Finn Totland (f. 1971) kjem frå Bømlo. Han har skrive hovudfagsoppgåve om Olav H. Hauge ved UiB. Han arbeider med skjønnlitteratur for vaksne. David Aasen (f. 1978) kjem frå Göteborg (og Leirfjord). Han har skrive hovudfagsoppgåve om Tor Ulven ved NTNU. Aasen var med på å starte tidsskriftet Ratatosk. Det skjer av og til at han gir ut små gjendiktingar på einmannsforlaget Slow Fire Press. På Samlaget arbeider han med skjønnlitteratur for vaksne.