Vil du arbeide med Jon Fosse, Maria Parr og Elena Ferrante?

Samlaget går eit spanande og travelt bokår i møte med 100 nye bokutgivingar og nye store lesaropplevingar i alle sjangrar.

Vi har fleire vikariat ledige. Vi søkjer derfor redaktørar (sakprosa og barn og unge) og to medarbeidarar i forlagets sal- og marknadsavdeling for 2021.

Samlaget har som mål å spegle mangfaldet i det norske samfunnet gjennom forfattarrekruttering, utgivingar og tilsetjing av medarbeidarar. Vi oppmodar derfor spesielt kandidatar med etnisk minoritetsbakgrunn og nedsett funksjonsevne til å søkje.

 

Ledig stilling som forlagsredaktør for sakprosa/dokumentar

Ledig stilling som forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker

Ledig stilling som marknadskonsulent

Ledig stilling som forlagsaspirant med etnisk minoritetsbakgrunn