Forlagsredaktør (sakprosa/dokumentar) – vikariat (100 %)

 

Vi søkjer ein kreativ og engasjert person som vil lage framtidas dokumentarbøker.

 

Å vere forlagsredaktør er ein av dei viktigaste og mest morosame jobbane i Medie-Noreg.

  • Du får arbeide med å utvikle eigne og andres idear til bøker.
  • Du får rekruttere og hjelpe forfattarar opp og fram.
  • Du får arbeide i eit forlagskollektiv med dyktige og rause medarbeidarar.
  • Du bidreg til at tilfanget av engasjerande og relevante bøker på nynorsk blir stadig større og betre.

Vi ser etter ein person som er god på idearbeid, har stort nettverk, følgjer med på trendar og debattar i sosiale medium, og som er engasjert i samfunnet rundt seg. Erfaring frå forlagsarbeid eller journalistikk kan vere ein fordel, men er ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har teft for kva som rører seg, og er god til å arbeide med andres tekstar og idear.

 

Stillinga er eit vikariat i 100 %, som startar opp 1.3.2021 og varer ut året.

 

Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk.

 

Send CV og kortfatta søknad på nynorsk, der du gjer greie for motivasjonen for å søkje og kvifor du meiner du er rette personen for stillinga, innan 11.1.2021. Oppstart etter avtale.

 

Spørsmål om stillinga:

Forlagssjef Håkon Kolmannskog

e-post: h.kolmannskog@samlaget.no

 

Om forlaget:

Det Norske Samlaget er ei stifting som gir ut bøker på nynorsk: skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og lærebøker til høgare utdanning. Forlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år og har over 1100 titlar i sal. Forlaget har 25 tilsette. Årleg omsetning er på rundt 65 millionar kroner, og økonomien er god. Vi har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.