Kristoffer Melheim (f.1946) er førstelektor ved HSF og pedagogisk rådgjevar i LUFS. Bur i Luster kommune, Sogn & Fjordane fylke. Cand paed 1975, lærar 1967/68, medarbeidar i Miljølæreprosjektet 1973-75, høgskulelektor i pedagogikk ved HSF frå 1976, har arbeidd mest med allmennlærarutdanning og vidare- og etterutdanning i udelt og fådelt-pedagogikk. 2000-2002: Leiar av prosjektet: ”Aldersblanding i vest” som tok føre seg realiseringa av L97 i 8 små skular i to kommunar, finansiert av Læringssenteret. 2008-2010: Leiar av prosketet: ”Kunnskapsløftet i oppvekstsenter” i fire oppveksysenter i to kommunar. Dette er eit ”ord til handling prosjekt” finansiert av Utdanningsdirektoratet. Skrive artiklar om aldersblanding og oppvekstsenter i bøkene: Liv og læring på landsbygda, Samlaget 2001 og Barnehagepedagogikk, Samlaget 2006.