(f. 1961) er forfattar, musikar og komponist frå Årdalstangen. Han debuterte litterært med diktsamlinga Stilla er ein åker i 2006. Seglems debutbok er ei samling sterke og musikalske dikt. Med stor autoritet skriv han seg inn i ein norsk poesitradisjon med bilete henta frå fjord, fjell og natur. Ein kjenner igjen motiv frå andre vestlandsforfattarar, men først og fremst er dette Karl Seglem sine poetiske klangar, skapte i eit eige lydleg og avskrella språk. Seglem er anerkjend musikar (tenorsaksofon/bukkehorn) og komponist, og har gitt ut ei rekkje plater. Han arbeider òg som produsent og platedirektør i NORCD.