(f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. For dei to andre bøkene om Jakob og Neikob har ho mellom anna fått Kulturdepartementets debutantpris, Brageprisen og Kritikarprisen. Bøkene er selde til fleire land, mellom anna India, Danmark og Frankrike. Stai er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med hovudfag i visuell kommunikasjon. Ho har også studert ved Oslo Tegne- og Maleskole og Høgskolen i Telemark.