(f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland. Sidan Fosses litterære debut med romanen Raudt, svart i 1983 har vi i Det Norske Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen. Fosse kjem frå Strandebarm på Vestlandet. Han er gift og har fem barn. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, og seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker og essaysamlingar. Til saman har Fosse gjeve ut 16 bøker med prosa, 10 diktsamlingar, 2 essaysamlingar, 9 barnebøker og har dessutan hatt premiere på 28 skodespel og 8 kortare stykke. Fosse debuterte som dramatikar med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1993, og har med skodespel som Nokon kjem til å komme (1996), Ein sommars dag (1998), Draum om hausten(1999) og Eg er vinden (2008) oppnådd ein internasjonal suksess som manglar sidestykke. Etter å ha vunne innpass på dei viktige scenene her i landet, kom det verkelege internasjonale gjennombrotet for dramatikken i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å komme i Nanterre utføre Paris. Året etter sette det anerkjende Berlinteatret Schaubühne og regissøren Thomas Ostermeier opp Namnet på teaterfestivalen i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt. Fosse er i dag mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, både lyrikk og prosa. Gode eksempel på dette er romanane Naustet (1989), Melancholia I (1995) Melancholia II (1996), Morgon og kveld (2000) og Andvake (2007), samt diktsamlingane Hund og engel (1992), Nye dikt (1997) ogAuge i vind (2003). I 2013 var Fosse på bestseljarlistene med diktsamlinga Stein til stein. I 2014 kom Fosse med forteljinga Kveldsvævd. Med den boka avslutta Fosse den kritikarroste kjærleikstrilogien som starta med Andvake (2007) og Olavs draumar (2012). Fosse er utdanna cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og konsulent og omsetjar av teaterstykke. Fosse var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 1998 og ved Festspillene i Bergen i 2005. I 2010 fekk han den internasjonale Ibsen-prisen. I 2011 flytta han inn i statens æresbustad for kunstnarar, Grotten, i Slottsparken i Oslo. Han er i dag busett både i Bergen, Grotten i Oslo og i Hainburg i Austerrike. I samband med 50-årsdagen til Jon Fosse, gav Samlaget ut biografien Jon Fosse. Poet på Guds jord av Cecilie Seiness. I 2015 kom boka Mysteriet i trua av Eskil Skjedal, der Jon Fosse fortel om forholdet sitt til tru og katolisisme. Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris 2015 for Trilogien. Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd (2014).