Johannes Gjerdåker vart tildelt Bastianprisen då han i 1996 gav ut sitt første utval med gjendiktingar av Burns, og då han i 1998 gav ut Robert Burns: Dikt og songar. Andre samling, vart han nominert til Brageprisen. Ikkje mindre kritikarrost vart han i 1997 då han frå originaltekstene gjendikta eit utval av den persiske klassikaren Omar Khayyam: Ruba‘iyat. Har gitt ut diktsamlinga Skot på gamal stuv (1978), Balladen om Reading Fengsel og andre dikt frå engelsk (1980), Arbeidet i bygdene (1980) og andre lokalhistoriske bøker. Gjerdåker er representert med fleire gjendiktingar i antologiane Framande dikt frå fire tusen år (1968), Det vakraste under månen (1975) og Poetisk modernisme (1995).