(f. 1954) er frå Fjaler. Han debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000. I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea mens ein hest går forbi på gata. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege. Nistad er keramikar og arbeider som lærar i vidaregåande skole. Han bur i Strandvik.