(f. 1976) debuterte med ungdomsromanen Viss du vil i 1998. For si fjerde bok, Handgranateple (2006), blei Røssland tildelt både Sunnmørsprisen og UPrisen, og boka kom i 2008 på IBBY Honour List. I 2007 mottok Røssland Sigmund Skard-stipendet og Guro Sandsdalens litteraturpris, og i 2011 blei ho tildelt Falturiltuprisen. Dei tre bøkene Englefjes (2008), Englejakt (2009) og Engleslakt (2010) utgjer til saman den populære trilogien om Engel Winge. Den rå journalistspira og bråkmakeren, som også er kjend som queen of fucking everything, har eiga nettside: http://www.engelwinge.no. Kirsebærsnø (2012) er Røsslands første roman for vaksne. Ingelin Røssland er utdanna journalist og har jobba i fleire aviser og i NRK for Newton. Ingelin Røssland har fått ei rekkje prisar for sine ungdomsbøker og blitt omsett til fleire språk. Røssland bur i Stockholm.