(f. 1954) har gitt ut ungdomsbøker, romanar for vaksne og sakprosa. Han har også skrive kriminalromanane Hysj og Usynlige spor under psevdonymet Telma B.S. Hansen. Lind voks opp på Otterøya ved Namsos. Han er utdanna cand.mag. med faga kjemi, biologi og drama/film/teater. Lind debuterte som romanforfattar med Stengte dører i 1983 og som dramatikar i 1990. Han har òg skrive visetekstar og songtekstar, m.a. for D.D.E. Som forfattar har Lind utmerkt seg mest innanfor kriminalsjangeren, og fekk i 1989 Rivertonprisen for 13 takters blues. Krimbøkene hans har eit samfunnskritisk perspektiv samtidig som dei har eit leikande og parodierande forhold til krimsjangeren. Lind har også skrive dei tre ungdomsromanane Det kvite spydet (1988), Vegen til Åsgard (1990) og Den siste dronninga (1991), som til saman utgjer serien Drakeblod. I 2000 kom den historiske romanen Kark, der vi får høyre om den siste store heidningen, Håkon Ladejarl, og Tormod Kark, trælen som tok livet av herren sin. I 2005 gav Lind ut det omfattande oppslagsverket Norrøn mytologi frå A til Å. Idar Lind har vore styremedlem i Tekstforfatterfondet og Den norske Forfatterforening, og leiar av Trøndersk forfattarlag. Han bur i Trondheim.