(f. 1974) er forfattar og redaktør. Ho var i fleire år ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003. Diktsamlinga Solkant, som Dale debuterte med i 2003, er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Dale er frå Modalen og bur i Bergen. Ein halv dag er den sjette diktsamlinga hennar.